Alternativet til å utvinne rutil i Norge er å utbytte land i den tredje verden

(Innlegget under er hentet fra kommentarfeltet til en artikkel i Firda)

I Afrika produseres totalt 322 000 tonn rutil av totalt 900 000 tonn som var verdsproduksjonen i 2017.

Under vises en oversikt over rutilprodusenter i Afrika med årleg produksjon. Henta fra https://minerals.usgs.gov/minerals/pubs/mcs/, (alle tal i 000 tonn):
Senegal 10
Kenya 80
Mozambique 7
sierra leone 160
South Africa 65

Det vil sei at over ein tredjedel av all rutil i verda vert produsert i Afrika. Staalesen henvdar at det er usakleg at ein dreg inn utnytting av fattige, barnearbeid og dårlege arbeidsforhold i debatten om Engebø og sjødeponi. Er det eigentleg det? Som påpeikt har Miljødirektoratet slått fast at det ikkje er realistisk å ha gruvedrift i Noreg utan å deponere masser i form av landdeponi eller Sjødeponi. Den direkte konsekvensen av AP Vestland sitt partiprogram der dei slår fast at gruveprosjekt skal ha tilnærma null deponering av masser, vert derfor at det i praksis vert forbod mot gruvedrift. Skal det vere forbod mot gruvedrift må ein finne desse ressursane ein anna stad.

Dette gav eit lite søke meg når eg søkte på rutil og titantium-produksjon og gruvededrift i Sør-afrika og Mosambikk:

https://www.theguardian.com/world/2016/jun/12/south-africa-titanium-mining-giant-xolobeni

http://www.irinnews.org/news/2007/12/05/miners-demand-safety-first

https://www.miningafrica.net/mining-news/mining-conditions-south-africa

https://clubofmozambique.com/news/mozambique-government-suspends-haiyu-for-dangerous-mining-activity-amnesty-international/

https://mg.co.za/article/2018-10-16-they-have-taken-our-beautiful-sand-from-us-and-left-nothing

http://roape.net/2016/03/18/mozambican-workers-and-communities-in-resistance-part-

Siste link dokumenterer alle streikane som har vore dei siste ti åra i Mosambik. Problem med mykje korrupsjon og staten har lokka utanlandsk kapital til landet med lovnad om billeg arbeidskraft i mellom anna gruveindustrien. Det er eit ganske omfattande dokument. Lønningane er så lave at dei har problem med å overleve på dei. Kenmare (produsent av rutil) har vore mål for fleire streikar og det har også gruvekjempen Vale.

Sidan det dukka opp så mykje berre på desse landa har eg ikkje søkt meir for det er nok til å dokumentere poenget som Staalesen i Vestland AP forsøker å forfekte som usakleg og øydeleggjande for debatten. Dersom ikkje vi i den vestlege verda ikkje utnyttar ressursane vi har, fører dette til at dei blir henta andre stadar under heilt andre forhold. Har ein alternativ kan ein stille krav til selskapa ein kjøper fra, men har ein ikkje det og er avhengig av ein råvare, så sei det seg sjølv kva utfallet vert.

Det er tydleg at Vestland AP ikkje skal ha noko fotavtrykk fra gruveindustrien på Vestland, tenker alle slik vil det naturleg nok framtvinge at dette fotavtrykket havner ein anna stad og da er det mest sannsynleg større.